top of page

Om oss

Noregs Trivelegaste Dokumentarfilmfestival

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm som han heiter på morsmålet, er den største og eldste festivalen for norsk dokumentarfilm. Festivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 1997, og har sidan den gong vore eit arrangement der filmskaparar og publikum møtest kvar vår i vakre Volda.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen har som målsetjing å syne det beste av norsk dokumentarfilm og å fremje unge filmskaparar.

 

Vi ynskjer å vere ein boltreplass for norske dokumentarfilmfolk og at publikum skal få augo opp for kva norsk dokumentar har å by på. Fire prisar vert delt ut under festivalen – beste lange dokumentar (Gullfluga), beste korte/mellomlange dokumentar (Ildfluga), beste studentproduksjon (Nymfeprisen) og publikumsprisen.

 

Frivillige studentar ved Høgskulen i Volda er drivkrafta bak festivalen, med god hjelp frå sponsorar og folket på Sunnmøre. Dokfilm er ein ideel festival med mykje sjel. Vi trur at vestlandsluft passar betre saman med dokumentarfilm, og vi vil at kvar og ein skal ha høve til å kome på festivalen vår.

 

Vi er stolte av festivalen vår, og vi vil gjere så godt vi kan for at du skal trivast!

Marketing Director

Lord Sebastian Werenskiold Proctor

Senior Software Engineer

Alan Brown

Project Manager

Emily Clark

HR Manager

Olivia King

Customer Support Lead

Michael Zhao

Styret

bottom of page